Vilkår for bruk av tenestene «Folk» og «Torg» mellom Brukar og Polaris Media Nordvestlandet (heretter PMNV), org.nr. 992133716. PMNV omfattar dei regionale mediehusa Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, samt dei lokale mediehusa Vikebladet Vestposten, Nyss, Driva, Åndalsnes Avis, Fjordingen, Fjordenes Tidende, Møre-Nytt, Vestlandsnytt, Fjuken, Vigga, Fjordabladet, Porten og Dølen (felleskontrollert verksemd med 50% eigarandel) og er ein del av konsernet Polaris Media ASA.
Ved å akseptere desse vilkåra, godtek du avtalepunkta som gjeld for deg som brukar av tenestene. Avtalen omfattar bruk av bilde og tekst i annonsar som blir laga gjennom tenesta.
Brukaren har sjølv ansvar for innhaldet i eigne annonsar, men dette innhaldet må ikkje bryte med norsk lov eller god skikk. PMNV følger retningslinjene og føringane fastsette i MBLs retningslinjer for annonsepraksis (mediebedriftene.no). Annonsar som er ulovlege, villeiande eller som bryt med samfunnets moralnormer og god tone, vil ikkje bli publiserte. Det same gjeld annonsar som ikkje tilfredsstiller estetiske krav. For å sikre at retningslinjene blir følgde, blir alle innlegg moderert før publisering, anten i papiravis eller på nett. PMNV forbeheld seg òg retten til å gjere nødvendige endringar i innhaldet, til dømes knytt til språkleg kvalitet og tilpassing til publikasjonen sine standardar.
Annonsar og helsingar må ikkje innehalde bilde eller du ikkje har rett til å bruke. Du må vere sikker på at dei personane som er omtala eller avbilda, har samtykka til dette. Når du opprettar ei helsing, stadfestar du at du har samtykke til å bruke personopplysningar og bilete frå alle involverte. Desse har også rett til å få informasjon om seg sjølv retta eller sletta. Ved spørsmål kan du kontakte vårt personvernombod på personvern@polarismedia.no.
Bilete må ikkje vere vesentleg redigerte, og kan ikkje innehalde filter eller element (t.d. «stickers») frå tenester som Snapchat o.l.
PMNV forbeheld seg retten til å avvise annonsar bestilte som privatannonsar dersom innhaldet fell innanfor det som kan definerast som bedriftsannonsering – t.d. tenesteyting, vedsal eller gjentakande sal med profittføremål.
Bestillingsfristar for dei ulike tenestene kan variere frå kategori til kategori og går fram av bestillingsløysinga for kvar enkelt kategori. Merk at fristar kan avvike ved ved høgtider, helg og raude dagar. Moderering skjer i normal kontortid, måndag til fredag kl. 08–16. Publiseringsdato på nett kan difor avvike frå ønskja dato.
PMNV tilbyr betaling med Vipps, Visa og Mastercard. MVA er inkludert i oppgitt pris. Det er ingen abonnement eller gjentakande trekk. Når betalinga er gjennomført, får du ordrebekrefting på e-post.
PMNV tek ikkje ansvar for feil i annonsar som er publiserte i tråd med kundens bestilling. Ved feil som kunden ikkje har ansvar for – t.d. feilaktig storleik eller tidfesting – kan PMNV etter eige skjønn tilby prisavslag som svarar til verdiforringa. PMNV sitt ansvar er i alle tilfelle avgrensa til sjølve kostnaden for annonsen.
Reklamasjonar må meldast PMNV seinast ei veke etter at annonsen vart innrykt / publisert. Ved reklamasjon grunna feil i leveranse, kan PMNV tilby nytt innrykk på eit seinare tidspunkt eller refundere betalt beløp.
Rubrikkannonsar blir plasserte der dei naturleg høyrer heime, etter innhald.
Angrerett: Du har angrerett så lenge innlegget ikkje er publisert digitalt eller i papiravis. Etter publisering vert varen rekna som levert, og angreretten fell bort.
Ved misbruk eller brot på desse vilkåra kan PMNV slette, avpublisere eller nekte publisering. Brukaren får høve til å rette opp innhaldet, men har ikkje krav på refusjon. PMNV forbeheld seg retten til å gjere tekstendringar og redigering av bilete ved behov.
PMNV har rett til å bruke tekst og bilde frå annonsar og helsingar i eigne nett- og papirprodukt. Innhaldet vil ikkje bli brukt til andre formål enn dei som naturleg heng saman med tenesta.
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål, ta kontakt med annonseavdelinga på telefon 70 12 00 00 eller e-post folk@pmnv.no / torg@pmnv.no. Ha referansenummeret klart – det finn du i ordrebekreftinga di.